EIKEN-SONG

Av: Ole Severin Tveiten

Tone: Det lysned’ i skogen –

Kvar eg for i verda eg aldri såg ein stad
så fager som mi kjære heimbygd Eiken.
Og ingen andre stader så vakkert fuglen kvad,
som når dei her tok til med tone-leiken
i ljose bjørkelundar midtsumarkvelden gild
og fylte heile lufta med sin glade trill.
Nei, slik ein kveld i Eiken seint ein gløymer.

Og bare her i Eiken ein ser så vene fjell
som Hekkfjell, Voreknut og Kvassås-tinden,
helst når i solfalls-elden som gull dei glør ved kveld
bak lier grøne voggande i vinden.
Her breie Lygnevatnet seg strekkjer eit mil langt,
snart bylgjande uroleg, snart stilt og solskinsblankt
frå Osen og radt ut til garden Tingvatn.

Kring dette vene vatnet som perler på ei snor
ligg gard ved gard som gilde Edens hagar.
Her levde eikdølsfolket si beste tid på jord
og minnest glad dei åra alle dagar.
Sjølv om dei utor bygda har vor’ i mange år,
i minnekransen gildast for dei den tida står,
då dei fekk leva mellom Eiken-fjella.

Her levde våre fedrar, - her stridde dei og bad,
og nå i deira fotefar det blømer.
Til deira heidersminne, skal dei vår takk nå ha,
ein takk i ord og gjerd som det seg sømer.
Og vidare me byggjer på deira gjæve verk,
me byggjer i det namnet som stålset og gjer sterk.
Og endå vakrare skal bygda verta.