Store-Rasmus
Bjørn Jonson Dale.
Opphavet til Store-Rasmus
Me er byrge av Store-Rasmus, med rette. Denne rike og opplyste "bondeopprøraren"
frå 1600-talet har, som ein av svært få sunnmøringar, fått plass i
rikssoga. Då er det ikkje uventa at spørsmålet om opphav og ætt vert stilt.
Etterslekta hans er kjend. Men så mange fleire vil gjerne vere av same ætta,
og granskarane har no i over hundre år gissa på kor Store-Rasmus var fødd.
Det pussige er at svaret så å seie har lege "oppe i dagen" like
sidan Ivar Myklebust si bygdebok "Ørsta", den første på Sunnmøre,
kom ut 1933. Den kritiske Myklebust skriv ikkje noke om Rasmus sitt opphav,
berre: "Han hadde mykje skyldfolk i Ørsta" (s 123). Det vanlege på
den tida var å hevde at
Store-Rasmus var ørsting, anten frå Ørsta sokn eller skipreidet av same
namnet (som også femnde om Vartdalsstranda).
Soga om Store-Rasmus...
Martinus Rogne (1885-1951) er vel den som har granska Store-Rasmus mest, og han
oppsummerte arbeidet sitt i skriftet "Soga om Store-Rasmus og Unge-Rasmus på
Myklebost" (utan årstal, men utkome 1947 eller seinare), eit retta særprent
av same stykket i Rogne: "Haram bygdebok" (1947). Rogne sine tidlege
arbeid om Store-Rasmus var lite gode, og han fekk stryk for dette av
historikaren, professor Halvdan Koht i "Norsk Bondereising". Rogne
vart flinkare etterkvart, og det er ikkje stort å utsetje på "Soga om
Store-Rasmus...".
Odelsgodset
"Eiendomsretten til odelsgods var prov for slektskap," skreiv Rogne,
rett nok. Men så rota han seg vekk i ei odelssak frå 1681, og enda i luftige
opphavsspekulasjonar.
Rogne kjende Store-Rasmus sitt odelsgods, og det er svært påfallande at han
hefta seg så mykje med godset i Ørsta - i Hagen, Sætre og Mork - men derimot
mest ikkje med odelsgodset i Lid, Ørskog, som utgjorde stordelen av Rasmus sitt
jordegods.
Etter oppgåvene i jordeboka 1661 åtte Store-Rasmus ("och hans
medconsorter", dvs medeigarar) 3/4 av den store garden Lid i Ørskog,
nemleg 11 mællag 1 fjerdingslag av i alt 15 mællag. Resten var i eiga til Ørskog
prestebord. Garden hadde 4 brukarar, og 3 av dei var Rasmus sine leiglendingar.
I Ørsta åtte Rasmus 6 mællag i dei tre grannegardane Hagen, Sætre og Mork,
som under eitt hadde ei landskyld på 37 mællag. Resten av godset var i eiga
til brukarane (14 mll), borgaren Jens Gundersen i Kjeldsund (vel 15 mll), bonden
Ivar Ingebrigtson i Sandvik Ryste (3 fjerdingslag) og Ørsta kyrkje (1 mll).
Store-Rasmus åtte altså berre snautt 1/6 av godset, men han må ha hatt
odelsrett til alt.
Dessutan svara Rasmus odelsskatt av 3½ mællag (halve garden) i Øvreli (Øvre
Brandalsli) i Vanylven skipreide.
Leiglending som godseigar
Rasmus Ingebrigtson sat som leiglending på Myklebust, men åtte eit jordegods på
snautt 21 mællag (vel 5 våger fiskeskyld) og hadde i vissa 5 leiglendingar som
bygsla gardane sine av han (dei svara førstebygsel, tredjeårstake og årleg
landskyld).
Sjølv bygsla Rasmus gard av Giskegodset.
Tilfellet var slett ikkje eineståande. Mange leiglendingar åtte jord. Men
motsett Rasmus var det få bondejordeigarar som fekk meir enn berre landskyld;
den verdfulle bygselretten var gått tapt til jordeigarar, propietærar, av
borgar- og embetsstanden.
Godsstruktur
Ved første blikk er det klårt at eigarluten i Lid var "juvelen" i
jordegodset til StoreRasmus. Dette var heileige til 3 bruk, medan ørstagodset
berre var partar i tre gardar (rett nok med bygselrett til 1 bruk på Mork).
Vanylvsgodset som han skatta av var nok stykborna hans sitt arvegods.
Dreg ein inn andre kjelder går Lidgodset si særstilling endå klårare fram.
Garden hadde skog og ei god sag, som Rasmus nok fekk særskild leige av, og
Rasmus kan ha vore eineeigar seinast frå 1637. Og: I vissa 1635-36 dreiv Rasmus
dreiv Lid sag for eiga rekning (sakefall 1636-37, lensrekneskapa for Sunnmøre).
Hadde ein berre desse opplysningane, ville det likevel vere forsvarleg å hevde
at Lid i Ørskog måtte vere Store-Rasmus sin fødestad.
Men me veit meir.
Lidætta
I "Ørsta" la Ivar Myklebust inn eit vedlegg Kjeldeskrifter med 288
nummer (ofte fleire skrifter under kvart nummer) frå 1385 og utetter. Under
nummer 98 finn me eit brev, dagsett Vågneset (i Borgund) 27. juni 1651, der ei
ætt frå Lid i Ørskog med odel i Hagen, Sætre og Mork i Ørsta er opprekna.
Ættfaren er kalla Ingebrigt Jetmundson Lid, far til Jetmund Ingebrigtson
Braute, far til Ottar Jetmundson Braute, som 1651 vitna at faren Jetmund kring
1625 selde 1 mællag i Sætre til frenden Arne Helgeson Mork i Ørsta.
Etter manntalet 1666 var Ottar Braute då 56 år gamal, dvs fødd kring 1610
(+/- 5 år). Farfaren Ingebrigt Jetmundson Lid må då vere fødd kring 1550.
Fleire av ætta er nemnde: a) Eiliv Pederson Lande, son av Brite Jetmundsdotter,
b) Ola Arneson Lid, son av Synneve Jetmundsdotter, og c) Ivar Ivarson Giskemo,
son av Ivar Arneson Sjøholt.
Kronologiske tilhøve tilseier at Brite og Synneve Jetmundsdøtre må vere fødde
midt på 1500-talet, og eigedomstilhøva viser at dei må ha vore Ingebrigt
Jetmundson Lid sine søstre. Ivar Arneson Sjøholt kan ha vore bror- eller søstersonen
deira.
Og Store-Rasmus?
Frå Jetmund til Rasmus
Kring 1550 budde ein Jetmund på Lid i Ørskog. Han og/eller kona hadde odel i
Lid og samstundes i ein ørstagard (Sætre, dvs dei seinare gardane Sætre,
Hagen og Mork). Dessutan hadde dei svært truleg odel i Lande (Øvre og Nedre
med Bårdsgjerde), Sjøholt og kanskje fleire gardar med.
Godt og vel hundre år seinare åtte Rasmus Ingebrigtson Myklebust ein stor del
av dette jordegodset. På Lid var han einerådande, i Ørsta berre ein av fleire
eigarar.
Store-Rasmus var tvillaust son av Ingebrigt Jetmundson Lid, og det er rimeleg at
mor til Rasmus var den som tilførte ætta odel i ørstagardar. For der
Store-Rasmus tydelegvis rådde over ein brorlut i ørskoggodset, åtte han berre
ein søsterlut i ørstagodset.
Og attende - og fram
Soga om Store-Rasmus er ei soge om ein "aristokrat" i naud, men ein
som stridde for å overleve i opphavsstanden sin - og jamvel lukkast.
Rasmus var den siste aktive og sjølvmedvetne utløparen av det som må ha vore
ei sunnmørsk stormannsætt i mellomalderen. Ulikt andre slike utløparar vart
han ikkje noken "overløpar", til borgar- og embetsstanden, men heldt
seg og overlevde i "bondestand".
Dette karstykket er i grunnen umåteleg stort, historisk sett - heilt eineståande.
Rasmus og etterkomarane hans var og blei like rike på midlar, for ikkje å seie
kunnskap, som dei leiande laga i sunnmørssamfunnet på 1700- og 1800-talet,
borgar- og embetsstanden. Men Store-Rasmusætta heldt seg til og i bondestanden
- sjølvsagt som dei fremste mellom likemenn - og dette er eg viss på var eit
val.
Ivar Aasen gjorde sitt for å bygge bru mellom det byrge gamalnorske og det meir
smålåtne "nynorske" - men han var ikkje klar over at brua sto der
allereie: ætta etter Store-Rasmus hadde halde ho oppe, og opa, i 200 år.
Sunnmørsposten 14. september 1996