Til oversiktside krigen

Gulltransporten søkte ly på Visnes


Iver K. Eide

Leirsuppa stod himmelhøgt  då bombene trefte sjøen rundt "Driva". John Lindset sto 2 km unna og såg det skvatt høgt over Visneshaugane. Iver K. Eide var 10 år og sto i loftsglaset tidleg denne aprilmorgonen. Han såg tydeleg piloten med "fantomlua" stupbombe ned mot Ramsvika.

I desse dagar er det 60 år sidan den dramatiske berginga av gullet våren 1940. Det er ei utruleg spennande forteljing som fylgjer gullet. I Ramsvika rente "Driva" på land for å prøve å kome seg unna bombene. Torbjørg Farstad,  Iver K. Eide, Edel Lunde og John Lindset hugsar hendingane.

John Lindset fortel at han var med å losse ein båt ved dampskipskaia ved Brishaugen då to fly tok til å krinse over Ramsvika.Flya skaut med maskingevær så det tromma på taka over bygda. Dette ga seg etter kvart, og fraktebåten gjekk frå kai og bort frå Visnes. John gjekk heim og hadde kome seg opp på loftet då eit fly til kom. Da starta bombinga, og han såg leirspruten stå høgt over Visneshaugane.

Torbjørg Farstad vakna av flydur og uro denne morgonen. Ho var 11 år og budde i Reitan like over Ramsvika. Faren hadde rutebåten "Breitus" og var ute på oppdrag for å hente folk i det brennande Kristiansund. Mora var heller ikkje heime, så det var ungdommane og bestefaren som var heime. Folk frå både "Driva" og "Kvernes" flykta opp frå Ramsvika, og 15-20 av dei kom til Reitan.


Torbjørg Farstad

- Eg hugsar at dei var slitne og at dei fekk sove i dei sengene og sofaene som fanst. Ein av dei må ha vore i sjokk, for han gjekk ut med støvlane i nevane.

Ho fortel at det var ei oppskaka stemning blant dei som kom. Ut på morgonen kom det eit fly til over området igjen. For å søke ly for eventuelle nye bomber begynte båtfolket å legge fjøler over møkka i fraukjellaren. Dermed kunne dei bruke dette støypte rommet som ly. Men flyet forsvann utan at noko skjedde, og det heile roa seg att.

Edel Lunde var 17 år og vart evakuert frå garden Midtigarden då folk frå "Driva" kom opp til heimen hennar. Edel fortel at folka frå båten var svært redde for nye angrep, og familien hennar vart kommandert til å forlate garden.

- Mange var såra, spesielt på føtene. Dei åt opp all maten vi hadde, og vi ungane rømte først opp til tunnelen i fjellet. Det var folk frå båtane i det som seinare vart aldersheimen på Visnes, ja eg hadde inntrykk av at det var folk frå båtane overalt. Dei som kom frå båtane, var oppspilte og redde, og vi var redde vi også.


Edel Lunde

Den same morgonen kom det ei Chevrolet varevogn i all hast ned i Ramsvika frå Molde. dette var ein sanitetsbil, mørk grå. Det er usikkert kva som var om bord i denne bilen. Truleg var det både folk og gull. Bilen stod ei tid ned i Ramsvika før Edel sin far, Peder Visnes, fekk telefon om att han skulle få bilen om han gøymde den for tyskarane. Den vart kamuflert og sett inne i  ei grushole i Visneslia til krigen var over. Seinare brukte Torbjørg Farstad den som fiskebil.

Iver K. Eide vakna også av bombedrønn denne morgonen. Den siste bomba rakk han å sjå frå kjøkenloftet på Haugen, som ligg rett over Ramsvika.

- Bomba må ha gått ned på grunt vatn, for eg såg sjø, stein og sand mot himmelen. Etterpå kasta flyet mange brannbomber, og det vart skote med mitraljøse så det freste. Far min, Karl Eide kom opp frå Ramsvika for å få mor og dei minste til å gøyme seg. Han fekk stappa dei under ein divan, men i "forkavelsen" gløymde han meg som stod oppe på loftet.

- Det hadde vore kjørt møkk på Haugen dagen før, så det var god plass i fraukjellaren. Dit flykte 7-10 mann frå båtane.

- Då flyet forsvann, fekk eg beskjed om å finne tak i boknesild frå torvskottveggen og gå ned til karane med. Dei verka aldeles vitskremde og reiv fisken i seg, skrubbsvoltne som dei var. Den eine av dei to uniformerte mennene fekk seg i all hast skyss til Molde igjen.

Nede i Ramsvika prøvde bygdefolket å redde bygningane til kalkbedrifta frå å brenne. Både kalkhuset, kontoret og heile steinhoggaravdelinga var bygd i tre. Husa hadde bølgjeblekktak, og brannbombene gjekk gjennom taka og vart liggjande å frese. Karane bar brannbombene ut med spader og krafser. På denne måten redda dei bygningsmassen. Innsatsen betalte seg, og då bombinga var over, var det berre små skader i Ramsvika.

Etter at flyet drog, prøvde mannskapa på dei to båtane og karar frå Visnes å få "Driva" av grunn att. Dei bar alt gullet bak på skipet. Då floa kom, løfta baugen seg opp. "Driva" vart festa til "Kvernes", og ved hjelp av motorane på begge båtane greidde dei å få "Driva" av grunn. Konrad Visnes som hadde hatt poliomyelitt som liten, var også med og bar gull. Dette blei lagt merke til, for mannen var kraftig handikappa. Etterpå blei det sagt at flyet som hadde sleppt alle bombene vart skote ned på Tornes.

Befolkninga som budde på Visnes flykta i stor grad opp til setrar og sommarfjøs denne dagen. Dei var redde for at det skulle kome fleire fly. Men etter at "Driva" drog, vart det roleg igjen, og folk flytte attende til heimane sine. Dei karane som var med og bar gull nede i Ramsvika er borte i dag, og det er derfor ikke alle spørsmål som det er råd å få svar på.

Brannbomber til pynt
Det var brannbomber som trefte skogen slik at dei ikkje gjekk av. Desse vart seinare plukka opp av folk og sett fram til pynt i stua. På enden av kvar brannbombe var det også ei styremekanisme som ikkje brann opp. Udetonerte bomber og slike styremekanismar vart populære blant folk i Kristiansund. Dei kom til Ramsvika og plukka med seg desse suvenirane, til det meste var borte.

Marit Eide

Artikkel i Romsdals Budstikke 19. april 2000