Utan reservar

Storfjordnytt 28. mars 1996 - Inger Johanne Rein

Pers_Aaroenes_Erlend_1996.jpg (16594 byte)
Valldal damelag rett før årets første kamp mot Stranda. Frå venstre: trenar Frank Løken, Toril Bakken, Gerd Eli Hoel, Monica Hovden, Karoline Berdal, Wenche Waldal, Aina Hoel, Anita Olsen (kaptein), oppmann Torgeir Myklebust og fremst damekeeperdebutanten Erlend Aarønes

Damelaget til Valldal spelte årets første fotballkamp på søndag. Utan innbyttarar tapte dei kampen mot damelaget til Stranda i siste del av andre omgang.

5 - 3 til STRANDA vart resultatet i ein kamp der Valldal var utan reservar mot eit fullt besatt Strandalag.

Gjestestjerne Erlend
Det vart spelt med 7mannslag, og sidan Valldal berre hadde sju spelarar starta Erlend Aarønes i mål, slik at trenar Frank Løken hadde ein spelar i reserve på sidelinja.

Valldal starta best og vel et kvarter ut i første omgang fekk Karoline Berdal eit innlegg rett framfor mål, og aleine med keeper vart det berre å trille ballen i mål - 0 - 1 til Valldal.

På andre enden av banen sto ein topp konsentrert keeper utan alt for mykje å gjere, med unnatak av ei rystande god feberredning halvegs ut i omgangen.

Etter ein halvtimes spel gjekk Wenche Valdal i mål og Gerd Eli Hoel kom ut på banen. Nesten før keeperhanskane var tatt på reduserte strandarane. Men Karoline Berdal, som var ein konstant trussel framfor motstandaren sitt mål, sette inn nok ein fulltreffar, og Valldal kunne gå til pause med leiing 1 - 2. Wenche hadde fleire redningar, og forsvaret til Valldal fungerte godt.

I andre omgang bytte Stranda ut heile laget, og ut gjennom omgangen kom det stadig utkvilte spelarar på banen. Valldal derimot spelte med same mannskapet i 2X45 minutt, og på slutten av omgangen vart det tyngre og tyngre for valldalingane.

Dei klarte å halde på leiinga eit godt stykke ut i 2. omgang, men då vart det meir press frå Stranda, og dei reduserte til 2 - 2 og gjekk rett opp i leiing, 3 - 2. Då vakna Valldal og starta eit raid mot mål. Etter fleire store sjansar fekk Toril eit prfrk innlegg og kunne plassere ballen bak ein utspelt keeper.

På slutten av omgangen tok kreftene slutt og Stranda overtok meir og meir av spelet, og i løpet av siste kvarteret fekk dei inn dei to sigersmåla. Gerd Eli fekk krampe i eine beinet og på slutten spelte  Valldal med ein spelar mindre.

Trass i tapet var spelarane ganske fornøgd med kampen.

Alle spelte ein solid kamp, men trenar Frank Løken framhevar spesielt aina Hoel som spelte ein kjempekamp i forsvar.