Sophie
Rasmusdatter Borch Boldbroe |
Foreldre Rasmus Rasmussen Boldbroe og Ales Hansdatter Sogn
|
Sophie
Borch Hans Eliasson Sahling Rasmus Rasmusson Boldbroe Ales Hansdtr. Sogn Kirsten Hans Malena Maren Sophie Jacob Jørgenson Femmer Elias Johanne Sophie Richard Mathiasson Brunbass Ales Margrethe Gunhild Marie Gidsken Kirstine Jørgen Hans Jacob Zachariasson Holck Hans Erikson Juel Magdalena Nilsdtr. Borch Erich Pederson på Gyl Anders Pederson (Akerø). Anne Nilsdtr. Borch Erik Jens Marit Hansdtr. Mechelborg Johan Hans Peder Hansson på Skipnes Nils Hans Ales Anders Karen Bendiksdtr. Male Isak Sphie Ole Iverson Hjeldt Jens Ågeson Finn Dorthe Henrik Hansson Echhoff.
|
Den Sophie Borch som var gift med Hans Sahling
var dotter til Rasmus Rasmusson Boldbroe (Sjå Nordmøre panteprotokoll nr. 3 p.
40 1715) på Rausand i Nesset, M og R. Denne Rasmus var gift 1685 med Ales
Hansdtr. Sogn f. 1655 i Tingvoll (Sjå Hyldbakk, H. 1960. Gards- og ættesoge
for Tingvoll BI). Rasmus og Ales hadde følgjande born:
1. Kirsten f. 1686. 2. Hans f. 1688. Knut Hansson Høvik er neppe son til denne Hans. Til det vert han for ung. 3. Malena f. 1690. Til Bergen. 4. Maren f. 1698. Gift med Erik Thøgerson Bescheland på Langøya. Maren døydde 1779. 5. Sophie f. 1695 G.m. Hans Eliasson Sahling. Sophie vart gift 2. gong med Jacob Jørgenson Femmer på Einset i Eide. (Sjå Lyngstad, J. 1998. Eideboka B 2. Gard og slekt. s. 153). I første ekteskapet kjenner ein til 3 born, den tidlegare omtalte a) Elias, samt b) Johanne Sophie g. Richard Mathiasson Brunbass i Kristiansund og c) Ales Margrethe. I 2. ekteskapet til Sophie var det i følgje Lyngstad, 4 born; Gunhild Marie, Gidsken Kirstine, Jørgen og Hans. Den Ales Hansdtr. Sogn som var gift med Rasmus Rasmusson vart gift med Jacob Zachariasson Holck etter at Rasmus døydde. Ein kjenner ikkje til born i det siste ekteskapet. Ales Hansdtr. Sogn var dotter til Hans Erikson Juel på Sogn og kone Magdalena Nilsdtr. Borch. Det var altså frå mormora at Sophia hadde med seg Borch-namnet. Hans var elles son til Erich Pederson på Gyl i Tingvoll som igjen var bror til Herr Anders Pederson (Akerø). Magdalena Nilsdtr. Borch hadde også ei søster, Anne Nilsdtr. Borch. Anne var veikhelsa og skulle ha opphald hos søstra på Sogn. Hans Erikson Juel og Magdalena Nilsdtr Borch hadde desse borna: 1. Erik f. 1646. 2. Jens f. 1649. Bodde på Smednes i Kvernes. G. 10.11.1678 med Marit Hansdtr. Mechelborg. (Hadde vistnok borna; Johan, Hans og ei dotter g.m. Peder Hansson på Skipnes i Aure. 3. Nils f. ca 1654. Gift og hadde sonen Hans, 12 år i 1691. Var da saman med mor si i Amsterdam. 4. Ales f. 1655. Sjå lenger opp om henne. 5. Anders f. 1658. G.m. Karen Bendiksdtr. Male i Romsdal. Skifte 20.03.1710. Romsdal skifteprotokoll nr. 6. 6. Isak f. 1661. 7. Sophie f. 1663. Gift 1. g.m. Ole Iverson Hjeldt. G. 2. g. m. Jens Ågeson Finn. 8. Dorthe f. 1668 g. 1694 m. Henrik Hansson Echhoff. |