Niels

Simonsen

Bruse

 
1614

Niels Simonsen Bruse

Niels Simonsen Bruse var bruker på Skor frå ca. 1614 og utover. Før dette årstalet hadde han vore kjøpmann i Kalvevog. Han betalte grunnleige av Kalvevog fram til 1617-18, fortel P. Skar. Niels Bruse var så lensmann i Vatne skipreide frå 1620, til han døydde 1627-28. P. Skar skriv at Niels Bruse var handelsmann i "Kalvevog ved Drønnesund", og meiner at handelsstaden på den tid låg "på Drønnesundnessets nordside, hvor borgerleiet har hatt sin ringe begynnelse". Det er ukjent kva grunnlag P. Skar har for at Bruse dreiv handel i Drynjesund. Ein greid å lokalisere handelsstaden Kalvevog, korkje på Midøya eller andre stader.

Kilde: Harald Slyngstad: Vatne Bygdebok II s. 705ff