Sidsel
Kaas |
|
|
|
Bjørn
Jonson Dale: Det gamle Grimmergårdsgodset
Nils Pedersen Assens |
FØRSTE
HERREN TIL GRIMMERGÅRD Nils
Pedersen Assens (1652-1718) var fødd i Århus på Jylland og blei borgar
av Bergen 1683. I Ålesund budde han seinast 1682, trulig då på det
borgarsetet som først 1701 er funne nemnt som "Grimmergård".
Assens
var kjøpmann i Ålesund, men handla også på Taskeberget og
Hareidstrand, 1703-08 jamvel på Molde. Og han var jordegodseigar - på
det meste hadde jordeiga hans ei skyld på 34 våger fisk (40-50
leiglendingar). Største kuppet gjorde han 8. mars 1692, då adelsfrua
Sidsel Kaas på Molvær selte han sine "grunde og grundeleier i
Aalsund paa den indre og nordre Side" samt "Brunholms grund, som
før har fulgt Aspelandet". Dermed blei Assens eigar av heile Ålesund Innomsundet - og Grimmergårdsgodset var etablert. Ein bit av det består faktisk den dag i dag Kilde: Bjørn Jonson Dale: Det gamle Grimmergårdsgodset |