Hans 

Sørenson 

Øvre-Frisvoll

 

Karl Myskja: Bygdebok for Eid

Johannes Friis
Hans Sørenson Ø-Frisvoll
Else Christensd. Gammelgaard
Christen
Carl
Hein
Anne Bolette 
Anders O. Monsås


 

Under 14. Ner-Friisvoll
9. Johannes Friis 1679?-1746?, sorenskrivar i Romsdal, bygsla V 1-0-18 i Frisvoll av Hans Sørenson Ø-Frisvoll/Eidsvollan i 1716, og kjøpte Tostrup-parten same året. Han var gift med Else Christensd. Gammelgaard 1691?-1774, og far hennar, før sokneprest i Lesja, døydde på Frisvoll i 1731, 90 år gl. Born:
a. Christen 1714?
b. Carl - 1794, hadde sonen Anders 1778, i Molde 1794.
c. Hein 1719 - 1775
d. Anne Bolette 1722? - d. før 1777
Skrivaren måtte låne pengar til gardkjøpet, men sia hadde han så han kjøpte heim gardparten som Øver-Frisvoll-folket åtte, i 1744 og 47.(Ein part på V 0-2-3 vart kjøpt frå Anders O. Monsås). Friis hadde kjøpt V 1-1-10 i Indre Siem i 1718 og V 0-2- 8 i 1741. Han dreiv gården attåt embetet sitt, men hadde også andre interesser. Romsdalssoga av Asbj. Øverås fortel at han sette ut 27 småaurar i Oravatnet i 1736. Vatnet skulle være fisketomt før, men 7 år etter fiska dei alnelange aurar. Skiftet etter Mme Friis i 1777 viser rikdom: Nær 70 ting av gull og sølv, mengder av innbu og klede m.a. 29 dreiels borddukar, og ein bra buskap. Dertil gardane Møge(?) og Olstad på Lesja. Berre eit lite kuverd mangla på 3000 rd. Men enkja hadde levd på lån i mange år, så gjelda var på over 1000 rd., mest til prost Røring og byfut Jalles, men og til fleire bygdafolk.

Kilde: Karl Myskja: Bygdebok for Eid