Reer

Ukkelberg

Født ca. 1540

Gift med nn
a. Oluf
b. Peder

 

Alf på Ugleberg
Reier (Reer) Weckelberg
Olluf Reiersen Ukkelberg
Peder Reiersen Ukkelberg
Reier Olufsen Ukkelberg
Peder Olufsen Ukkelberg
Knud Ockelbergh

Brukarar på Ukkelberg:

Første brukaren finn ein i 1519 då Alf på Ugleberg var brukar her, han betaler 1 lodd sølv i skatt og garden høyrde då til Hustadgodset. Det har vore til dels vanskeleg å knytte dei ulike brukarane til bruka på starten av 1600-talet og noko av 1700-talet. Eg har derfor vald å setje dei opp samla her i starten og plassert dei der eg ut frå mine tolkingar og opplysningar har gått ut frå at dei høyrde til.

I 1596 finn vi Reier (Reer) Weckelberg f. ca. 1540 her. Dette er den første Reier vi finn på Ukkelberg, men namnet kan ha vore her tidlegare. Dette namnet har spreidd seg utover heile Frænen og har truleg utspring frå garden her. Namnet er norrønt og kjem truleg av hreirfr og tyder "rede, heim".

Han hadde truleg desse barna: A1-2.

A1    Olluf Reiersen Ukkelberg f. ca. 1570.
A2.    Peder Reiersen Ukkelberg f. ca.
1575.

I 1597 er det Olluff Reiersen (A1) som er brukar, han er då oppført som "husmand".

I 1610 er garden oppdelt i fleire bruk, då er Olluff og Peder Ockelberige brukarar og ei enke er og oppnemnt her, begge dei førstnemnde kan truleg vere søner av tidlegare brukar, då Reiernamnet kjem att på dei neste brukarane. Oluf hadde og ei kvern som han betalte skatt for i 1623, dette kan tyde på at han truleg hadde rettar i Rødalselva.

Olluff  Ukkelberg (Ockelberige) er oppført i 1619 saman med enkja på andre bruket med 9 tønner korn og 1/2 pund smør. Barn: Bl-2.

Bl.    Reier Olufsen Ukkelberg f. ca. 1600, sjå på bnr. 6.
B2.   Peder Olufsen Ukkelberg f. ca. 1603, sjå på bnr. 9.

I 1614 er Knud Ockelbergh og Peder Ockelbergh oppført, ein veit ikkje kven Knud var, men Peder er nok same mann som er nemnt tidlegare.

I 1617 er Olluff Aachelberg og Peder oppnemnt igjen.

I 1631 er det 2 brukarar her:

Reier Olufsen f. ca. 1600 på eine bruket og Peder Olufsen f. ca. 1603 på andre bruket, bnr. 6, ein vil tru at dei begge er søner av Olluff, då Reier - namnet kjem att på begge bruka.

Kilde: Anne Holen Helseth: Gard og slekt i Fræna Bind I s.351