Det var regn tidlig om morgenen, men det letna og blei ein
flott dag med sol og fine haustfargar i heia. Vi sår ikkje
noe til elgen i det første jaget opp fra Bringsjord til Galtetjønna. Så
gikk skytterane føre til Hægeland, mens vi jagarane rusla etter. Da vi
kom fram til Hægeland smalt det. Jan Erik Heim fekk lagt ned ein fin okse
rett ved veien. I det siste jaget fra Lillekvelland tilbake til
Gauksheim-Hægeland fekk vi erfare at vi var for få skytterar. Pål og
Lars hadde to elgkyr føre seg lengst vest i jaget, men kom fram til ein
post som var ubemanna. Så det blei bare oksen denne dagen.
|