Skolebesøk

English text

Justine hadde gjort avtale slik at eg fekk besøke ein lokal grunnskole. Tirsdag formiddag var eg der i et par timar, mens jentene var på shopping. Om ettermiddagen reiste vi på bilturen til Northland. Eg syntest skolen var så interessant at eg ønskte å få meir tid, og fekk komme på besøk heile torsdagen.
Alfriston Primary School, Papakura
Ca 300 elever, 1-7 kl (6 til 12 år)
15-20 lærarar
Rektor: Jim Ball
Skolen grunnlagt 1896, nybygg 1992
Nytt datarom, bibliotek og administrasjonsbygg 1999

Rektors presentasjon av skolen
Link: Skolen vurdert i ein offentlig rapport mai 2000

Leseinnlærig
Tirsdagen var eg i ein førsteklasse. Dei dreiv etter den organiseringa som eg har hørt noen skoler i Stavanger-området har kopiert fra New Zealand. Elevene blei delt i grupper, og mens ei gruppe fekk intensiv lesetrening, måtte dei andre guppene drive sjølstendig arbeid. Ei gruppe hadde for eksempel noe dei kalte "eggtimer". Det vil sei at dei hadde et timeglass som viste kor lenge dei skulle holde på med oppgava. Lesetreninga forgikk ved at ei gruppe hadde lekse i ei bok som var tilpassa deira nivå, og så leste dei i gruppa ein etter ein.
Framføring
Torsdag formiddag var det finale i skolens konkurranse i framføring (performance). To vinnarar i kvar klasse skulle gå vidare til ein regional konkurranse. Det foregikk i ein stor sal, med 4-7 klassane, lærarar, enkelte foreldre og dommarane. Elevane leste opp sjølskrevne tekster. Emnene var tydelig personlig valgt. Dei hadde bare notert stikkord, og talte rett til publikum Dei hadde tydelig øvd inn gester, variasjon i stemmebruk og morsomme poenger for å fange oppmerksomheten.
Datamaskiner

Eg besøkte 7. klasse. Oppgava dei holdt på med var å bruke powerpoint til å lage dataspill. Dei hadde (etter ein ide-dugnad) valgt emner sjøl, og sto så fritt i å finne bilder og animasjonar som kunne simulere oppstarten av et dataspill. Noen lagde grafikken sjøl, dei fleste kopierte og satte sammen ulike ting fra internett. Så skulle dei lage ei eske med navn og dekor, og ein stor plakat med reklame for produktet. Oppgava skulle så leverast for å bli evaluert. Dei jobba sammen to og to, og hadde tilgang til et datarom med omlag 8 maskinar. Dei var utrulig flinke i bruken av powerpoint. 
1kl5.jpg (64783 byte) Lyttekroken i 1. klasse. Da eg kom inn var det ein elev som satt på lærarens plass og "hørte lekser". Etterkvart overtok læraren -.
1kl2.jpg (64842 byte)
1kl-timeglass.jpg (53733 byte) Eleven jobbar med "eggtimer". 
datarom2.jpg (35488 byte) Datarommet
library2.jpg (90826 byte) Biblioteket
exp3.jpg (32794 byte) Forsøk med planter
gym-utstyr.jpg (29316 byte) Dei hadde ei bu ute med gym-utstyr. Gymmen var utendørs, - eller i bassenget.
leikeapparat2.jpg (23918 byte) Leskur
1kl3.jpg (59157 byte) Elevane hadde ikkje hylleplass, men ei mappe som hang bak stolryggen. I 7. klasse hadde dei rom under pultlokket.
1kl4.jpg (51713 byte)
datarom1.jpg (29066 byte) Fra datarommet
library1.jpg (75298 byte) Datarommet var knytta til biblioteket. Der holdt noen på med å lage eske og plakat.
exp2.jpg (53391 byte) Fysikk-forsøk
Aerodynamikk
mat-ute.jpg (83295 byte) Matpausen var på ein time. Dei spiste ute når det var fint ver. Dei måtte sitte stille mens dei åt.
leikeapparat.jpg (40317 byte) Leikeapparater
rugby-field.jpg (17818 byte) Rugby-banen
   

   

 Sist endra: 10.08.2005

 © Harald Storaker

E-post:    hasto @ online.no