erkebiskop Jon
Magnus Håkonsson
Magnus [Erlingsson]
Torgils av Stavanger
Andres av Oslo
Askatin av Bergen
Brynjolv [Jonsson]
Ragnvald [Urka]
Andres Gregoriusson
Eiliv av Naustdal
Andres Plytt
Aslak Gus
Bjarne Erlingsson
Tore, kongens kanslar
Sigvat
Halvdan
Sigvard
Torfinn
Audun
Eg vil rette ein stor
takk til dei som står bak Dokumentasjonsprosjektet
og at eg har fått løyve til å bruke av deira materiale mot å
vise til kjelda. |
|
Regesta
Norvegica 1273 aug 1 b. 2 s. 68f Nr. 109 Bergen
Regest:
Forlik (compositio et finalis concordia) mellom erkebiskop Jon av
Nidaros og kong Magnus Håkonsson: Pga usemja mellom dei to om
Nidaroskyrkjas rettar, fridomar og privilegier, særleg dei privilegia
Magnus [Erlingsson] gav, har det vore ført tingingar som med råd og
samtykke frå biskopar, baronar, kannikar i Nidaros og fleire andre har ført
til forlik, avhengig av paveleg samtykke. I samsvar med dette gir
erkebiskopen avkall på kroneofring og overhøgd over kongedømet, og
berre når ingen legitim tronarving finst, skal ny konge veljast med første
og viktigaste røyst for erkebiskopen og biskopane.
Kongen på si side oppgir domsrett i alle saker som etter kanonisk rett hører
til det kyrkjelege forum. Utover dette oppnår erkebiskopen ei rekke
handelsprivilegier, og kongen stadfester kyrkjas gamle rettar og gir den
nye m o t bispe- og abbedval, endring av landslover og pengebøter,
kongens tiendeplikt, trygd for pilegrimar, fritaking frå leidangsferd og
leidangsskatt, og domsrett over erkebiskopens menn.
Gitt i nærvær av biskopane Torgils av Stavanger, Andres av Oslo og
Askatin av Bergen; baronane Brynjolv [Jonsson], Ragnvald [Urka], Andres
Gregoriusson, Eiliv av Naustdal, Andres Plytt, Aslak Gus, Bjarne
Erlingsson og Tore, kongenskanslar; Nidaros kannikane Sigvat, Halvdan,
Sigvard, Torfinn og Audun, og andre vise og skjønsame menn (viris
prudentibus et discretis,
Kilde: Dokumentasjonsprosjektet |