Johannes

Irgens

 
Johannes Irgens
Giert Davidsen
Adeluz Ågesdotter
Åge Hansson
Synnøve Audunsdtr
Gjert Gjertson Mumme
Åge Kristofferson Holch
Kristoffer Zackariasson Holch
Anne Ågesdtr.
Då eg kom over ein inskripsjon på ei sølvskei i skiftet etter Surnadalspresten Johannes Irgens i 1760 (Sjå Geistlig skifte s. 165 b) var eg ikkje særleg i tvil kven det var snakk om. Inskripsjonen var om lag slik: Giert Davidsen & Adeluz Ågesdotter. Både Gjert og David er svært så sjeldne namn på Møre på den tida, og kombinasjonen Gjert Davidson trur eg ganske sikkert er eineståande. At denne mannen var identisk med sagbrukseigar på Kleive i Romsdal, ved same namn tvila eg ikkje det minste på, og gjer det framleis ikkje. Når det så gjeld Adeluz Ågesdtr. så var eg heller ikkje særleg i tvil om at ho var dotter til Åge Hansson og Synnøve Audunsdtr. på Lyngvær. Dette fekk nemleg alle brikkane til å falla på plass som eg tidlegare ikkje heilt hadde fått til. Eg hadde lenge vore obs på at det var ei slekt Mumme, Momme, Mom, Mun m.m. som heldt til i Romsdalen, men kvar ho heldt til, og korleis Hemnepresten, Gjert Mumme eventuelt nedstamma frå denne slekta grubla eg mykje på. I skiftet etter Gjert Gjertson i Hemne møtte Åge Kristofferson Holch frå Kristiansund og er nemnt som nær pårørande til den avdøde. Korleis dette hang saman hadde eg også grunda mykje på. No vart jo løysinga på dette problemet opplagt. I og med at Åge Kristofferson Holch var son til Kristoffer Zackariasson Holch og kone Anne Ågesdtr. (Lyngvær, Molde, Reknes), så vart jo Gjert Mumme i Hemne søskenbarnet til Åge Holch i Kristiansund.

Kilde: Finn Oldervik