Coconut Bay

English text
Vi hadde store forventningar til oppholdet på Yasawa. Og forventningane blei innfridd!

Veret: -  variabelt dei dagane vi var der, noe skya, ein god del vind. 
Snorkling: - ypperlige forhold, som å dykke i et akvarium med fargerike korallar og mange rare fisk.
Fottur: - begrensa muligheter, sti til to-tre utsiktspunkter.
Boforholda: -  enkle, vi budde 5 i et "bure", ei hytte med et rom og dusj og do. Prisen var grei - 75 kr pr døgn for fullpensjon. 
Maten: -  veldig god, rikelig og variert.
Vertskap: - veldig hyggelige, heilt topp! Dei kom fra ein landsby på andre sida av øya, og hadde bare drive med turisme i to-tre år. Men dei hadde utdanna folk, og både kjøkken og underholdning var godt organisert.

waya3.jpg (59375 byte) Vi tok katamaranen "Yellow Boat" ut til Yasawa. Vi passerte Waya med karakteristiske fjellformasjonar.
waya4.jpg (64627 byte) På Waya og Waya Lailai er det flotte fjellformasjonar.
Fint for fottur.
bula2.jpg (86414 byte) BULA!
På vei inn til land blei vi ønska velkommen med sang. - Alle gjester blir tatt imot på denne måten!
sunset5.jpg (60194 byte) Hovedaktiviteten i Coconut Bay var å ligge i hengekøye
basket1.jpg (119428 byte) Seri viser oss kunsten å lage korger av ei palmegrein.
basket2.jpg (111787 byte) Det var ein ganske snedig teknikk. Først blei det fletta til ein rund ball. Så til slutt blei stilken splitta, og korga åpna seg.
basket.jpg (44039 byte) Og korgene fekk vi med heim.
Eirin er fornøyd med produktet.
musikk2.jpg (126897 byte) Dei sang og spilte mange ganger daglig. Velkommen og farvel til alle gjester , - og underholdning om kvelden. Bassen var enkel, ein trekasse, ein pinne og ei snor.

stickdance1.jpg (53127 byte)

Mandagskvelden var det ein runde med stickdance (Limbo).
utsikt nordover lise.jpg (65882 byte) Det var tursti til noen utsiktspunkt. Her ser Lise tilbake nordover  ned til Coconut Bay. Odden i bakgrunnen blei kalt Honeymoon Point.
lise strand.jpg (53723 byte) Stranda var rein og fin, og når det var flo kunne ein svømme heilt inn.
dykker-atle.jpg (70353 byte) Det var ypperlige forhold for snorkling. 
Dykkermaske kunne ein få leigd i ei lita sjappe i nordenden av stranda.
fisk1.jpg (34175 byte) Ved kanten av revet var det veldig mye fisk å sjå. Atle og Lise fotograferte under vann.
fisk10.jpg (98617 byte) Ein slange og ein av dei vanlige blå fiskane.
fisk2.jpg (78533 byte) Det var mengder av små fisk
tur vannsprut.jpg (45675 byte) Tirsdagen var Lise, Atle og eg med på båttur for å få nærkontakt med djevlerokker.
rokke2.jpg (87286 byte)  Vi tok på snorkelutstyr og plumpa uti. Atle svømte innpå rokkene og fotograferte. 
Det var veldig vind og grov sjø, så eg hadde nok med å kave med opp i båten igjen.
jungel-sti.jpg (85443 byte) Båtturen i grov sjø var et stort "adrenalin-kick" for meg. Men den beste "kick-turen" gjekk eg på eigen hand. Ein ettermiddag i fire-tida gjekk eg opp stien som var lagt langs vannledningen.
jungel2.jpg (123373 byte) Nederst langs marka kunne det vere relativt åpent. Over der var et nettverk av greiner og lianer, og øverst var et tett teppe av grønt. 
Eg krøyp nedover bekkefaret, som heldigvis forsatt var tørrlagt. I seks-tida blei det mørkt.
jungelrot.jpg (90346 byte) Det blei heilt mørkt, og eg måtte føle med fram nedover. Noen sjøl-lysande ormar lyste opp her og der. I sju-tida kom eg endelig ned til stranda, svett og ruskete, - men spennande var det!
seri bananer.jpg (129057 byte) Det var rette sesongen for bananar. Det var bare å forsyne seg.
Ellers var det lite sesong-forskjell. Det meste kunne bli dyrka og blei hausta året rundt.
fisk til middag.jpg (74167 byte) Torsdagen skulle det vere Fiji-kveld, med lokal mat og presentasjon av lokal kultur. Ein fiskar leverte fersk fisk. Den blei sløya og rensa i fjøra.
gjengen.jpg (105903 byte) Når fisken blei fotografert, ville heile staben også gjerne bli med på bilde -. Til høgre er Cordy, sønn til Seri.
middag.jpg (168086 byte)
Maten på Coconut Bay var prima. Dei hadde utdanna kokk i familien. Til vanlig middag fekk ein mange rettar, det eine fatet etter det andre. 
fiji-mat.jpg (116505 byte) FIJI-kveld.
Kjøkkenstaben stiller opp.
Til høgre står Litia som hadde ansvar for kvelden. Ho hadde tre års utdanning i turist-næring  Ho var språkmektig og ein veldig dyktig programleder.
harald chief1.jpg (92607 byte) Høvding av landsbyen!
Seri gjorde meg den store æra å gjøre meg til høvding for ein kveld. Det betydde at eg skulle åpne den høgtidelige kava-seremonien
harald chief4.jpg (74360 byte) Seri var prega av alvor. Det var viktig at eg skulle sitte høgare enn dei andre deltakarane i seremonien.
harald chief2.jpg (45043 byte) Når eg mottok skåla skulle eg klappe ei gang. Så skulle eg drikke, alt i et drag, og så skulle eg klappe tre ganger.
kava sang1.jpg (134814 byte) Så kunne festen begynne! Dei var virkelig gode til å synge.
Fleire ulike stemmar, og kraft i stemmane. (Dei har jo trening i å synge for båtpassasjerar langt ute på revet - )
kava sang2.jpg (65708 byte) Dirigenten var ein skikkelig humør-kar. Med kraftig stemme og grimme grimasar gjorde han byks og sprell.

lise og.jpg (39905 byte)

kava4.jpg (66944 byte)

Etter chief Harald hadde åpna kava-seremonien kunne alle få kave. Skåla blei sendt rundt etter tur. - Det var skikk at alle drakk ei skål. 
sunset-coconut1.jpg (69543 byte)
farewell coconut1.jpg (59158 byte) Så var det farvel til Coconut Bay. Vi er på vei ut til "Yellow Boat" som skal ta oss videre nordover.
Waya1.jpg (47213 byte) Waya var nesten trolsk -
boat landing.jpg (86950 byte) NAVITI, - det var øya vår!
Katamaranen kan ikkje gå lenger inn på grunn av korall-revet, og vi måtte gå over i ein lettbåt for å komme til land.
flate ut.jpg (86176 byte) Noen flata ut på stranda. 
Huset vårt (bure) kan skimtast inne bak treane.
volleyball1.jpg (108803 byte) Volleyball på stranda. Matsalen er i bakgrunnen.
kokosklatring.jpg (50771 byte) Ein aktivitet for dei dristige, - klatring etter kokosnøtter.
Pang - pang! Nøttene smalt i bakken.
kokosdeling.jpg (35318 byte) Så blei kokosnøttene skrella med kniv, det blei kutta et hol, et sugerør blei sett i, - VERSÅGOD! - kokosnøtt blei servert.
stickdance2.jpg (96562 byte) Underholdning og dans i felleslokaet. 
Onsdagskvelden hadde småguttane sjovet, - dei mima og dansa og hadde det veldig gøy. 

stickdance3.jpg (57377 byte)

Eg var med i finalerunden -
 Ein av gutungane fra New Zealand vant. - 
utsikt lise.jpg (67960 byte) Utsikt sydover øya.
village1.jpg (86442 byte) Mot sydaust var den største landsbyen på øya. Familiane som dreiv Coconut Bay kom derifra.
bula1.jpg (74930 byte) ISA LEI! 
Her synger dei farvel til ei gruppe som reiser. Det er fjøre sjø, og korall-revet er synlig.
koraller1.jpg (136733 byte) Korall-revet var spennende, med flotte fargar og formasjonar. Ved fjøre sjø kunne ein gå heilt ut.
koraller og fisk.jpg (117160 byte) Vannet var krystall-klart og fargane flotte. Det var ikkje så lett å fotografere, for ein såg ikkje så tydelig gjennom linsa.
fisk6.jpg (82620 byte) Det var som å svømme i et akvarium. - Fargane på bildene blei meir blasse enn sånn som det virkelig var.
korall2.jpg (101187 byte) Fisk og korallar av alle slag
bula og blekksprut.jpg (96222 byte) Meri gikk sammen med mora i fjøra og leita fram blekksprut.
I bakgrunnen sitter sangarane klar til å ta imot nye gjester.
palmeskog.jpg (154584 byte) Vi gjekk ein tur til utsikten Honeymoon Point. Stien gjekk gjennom ein kokosnøttplantasje.
stem.jpg (97867 byte) Eg følgte ein sti som gjekk til ein liten stem på bekken, langt oppe i heia. Derifra gjekk eg nedover det tomme bekkeleiet.
green jungel.jpg (95203 byte) Eg fekk et problem. Eg fekk plutselig utsikt, eg var på kanten av et stup. Det var ein tørrlagt foss, - og eg såg ned på taket av jungelen eg skulle ned i. Eg gjekk litt tilbake og  rundt. Et lite stykke bevega eg meg ut på det tettvevde grønne teppet. Så krøyp eg ned gjennom veven og kom ned på den mørke skogbunnen igjen.
seri bananer1.jpg (84731 byte) Seri var senior i familien som dreiv stedet. Han var ein hyggelig kar. Han viste meg rundt og fortalte om stedet. Før hadde dei dreve med geiter. Geitene holdt nede kratt i skogen. På grunn av drikkevannet kunne dei ikkje ha geiter nå

kokos og kassava.jpg (199355 byte)

Her var ein åker med tavioka (kassava / sago). Det er ei rot-frukt som som settes med stiklingar, og blir hausta etter to-tre år. Ein kokos har også spira imellom der.
tavioka skrelle.jpg (99486 byte) Tavioka blir brukt omtrent som potet. Den blei tilberedt på tradisjonelt vis utandørs. Først blir røttene skrelt.
tavioka skrelle2.jpg (97259 byte) Så blir tavioka-røttene kokt på bål. Dei fyrte opp et bål under ein haug med steinar. Når bålet var brent ned, blei taviokaen lagt på dei varme steinane.
fiji-mat2.jpg (71099 byte) Denne kvelden var det ståande bufé. Alle rettane var lokal tradisjonsmat.
kava presse.jpg (88936 byte) Det blei tømt vann i kava-fatet, yaqona blei dyppa i og kava-drikk blei pressa ut.
harald chief5.jpg (44654 byte) Seri bringer meg den første skåla med kava. 
harald chief seri.jpg (96321 byte) Chief Harald godkjenner kavaen.
meke sang1.jpg (71335 byte)
harald chief3.jpg (65264 byte) Det var ikkje bare opptreden, - dei hadde det gøy sjøl!
lise og3.jpg (56730 byte)

kava eirin og dans.jpg (39963 byte)

hund1.jpg (70862 byte) Etter ein kava-kveld blir ein gjerne døsig neste formiddag.
sunset-coconut2.jpg (59671 byte)
   

   

 Sist endra: 30.07.2005

 © Harald Storaker

E-post:    hasto @ online.no