Los Angeles

English text

Flyturen
Vi starta fra Gardermoen mandag 23/6 kl. 12.05, 2003. og mellomlanda på Heathrow, London. Over Nordsjøen var det skydekke, og eg satt og deppa litt med tanken på ting som eg ikkje tok med som eg kanskje kunne få bruk for -. Så sprakk skydekket over Island, og eg fekk et glimt av noen fantastiske fjell-formasjonar. Eg rakk ikkje ta bilde, men deretter satt eg og kikka ved vinduet, og eg gledde meg til resten. 
Døgnville
Vi ankom LA mandag 18.20 lokal tid, etter ein lang dag med 15 timers reising. I fra å vere B-menneske heime som pleide å komme i seng over midnatt, blei eg i LA omgjort til et solid A-menneske som stupte i seng før ti om kvelden. Det passa egentlig greit.
Bilkjøring i LA
Vi hadde bestilt leiebil på forhånd. Vi gikk på AVIS sin buss ved flyplassen og kom direkte til bilane. Vi fekk ein mellomstor 4-dørs Pontiac. LA er ein ekstrem bil-by, alt er basert på bilkjøring. Avstandane er store. Vi kjørte i timesvis, enda vi bare var innafor det nordvestre hjørnet av byen. Bilen hadde satelitt-navigator, og det var kjempebra! Ein kunne plotte inn kva ein ville, for eksempel nærmeste kiosk, og ein damestemme forklarte rolig all manøvrering. Når eg likevel gjorde feil, prøvde ho først med: "Make a legal U-turn if possible!" Når eg ikkje prøvde meg på det, tenkte ho bittelitt og kom kjapt med ei ny rute som geleida oss rett igjen. 
Hotell
Vi låg på Four Point Sheraton Hotel som låg rett ved AVIS og flyplassen. Det var OK, og prisen var grei, 600 NOK pr natt for 4-sengs rom (uten maten).
Vi kunne nok likt bedre ein beliggenhet nærmare beach'en.

la-map.gif (303396 byte)

baffin island.jpg (111389 byte) Flyet gikk langt nord. Her et glimt av Baffin island i Kandada.
middag LA hotell.jpg (95784 byte) Første middag på hotellet, Four Point Sheraton.
shopping VB.jpg (127250 byte) Venice Beach hadde ei lang gate med tilbud om t-skjorter, solbriller og tatovering.
VB treningssenter.jpg (157025 byte) Treningssenter for muskelmenn like ved stranda.
gutter ved molo.jpg (124158 byte) Gutter leiker ved moloen.
sunset sails.jpg (156330 byte) Seil i solnedgangen
Ferris_Wheel.jpg (22882 byte) Santa Monica pier
chaplin og stjerner.jpg (202044 byte) Vi er på gata i Hollywood, the Walk of Fame, og hilser på Chaplin.
levende statue.jpg (125308 byte) Chaplin viste seg også som ei mekanisk dokke - eller ein statue. 
Han takka pent for dollaren
walk of fame bil.jpg (126507 byte) Store stjerner må jo ha store bilar -
hollywood foto.jpg (113621 byte) Nye stjerner blir fotografert. 
Langt bak i åsen kunne ein sjå bokstavane HOLLYWOOD. Opplevelsen av å sjå dei i naturen var like stor som å sjå dei på et postkort -
film-dalen.jpg (144015 byte) Tredje dagen var vi i Universal Studios.Det låg på ein høgderygg. Her er utsikten.
Byen ein ser der nede er bare kulissar for filmopptak.
film-dalen2.jpg (131780 byte)  Vi kjørte med et sightseeings-tog gjennom området, og fekk oppleve et simulert helikopter-krasj, ei bru som raste og et uvær med  oversvømmelse.
LA bombetrussel1.jpg (103182 byte) Avskjed med LA i god western-stil. Det var president-besøk og bombetrussel, så heile terminalen måtte evakuerast - 6 timar å vente.
canada.jpg (69947 byte) Prairien nær Edmonton, Kanada. Alle eiendommar er firkanta, og grensene går nord-sør og aust-vest. Slik var også det meste i USA.
venice-beach2.jpg (63571 byte) Venice Beach
venice beach eirin poserer.jpg (57960 byte) Venice Beach fotografering
VB filmopptak.jpg (148507 byte) Vi satt på fortauskafe og såg på filmopptak.
VB baat og fugl.jpg (58327 byte) Fugl og båt på stranda
VB soling1.jpg (115149 byte) Sol på stranda
sunset3.jpg (119935 byte) Vi ser på solnedgangen
SM pier fiskere.jpg (168304 byte) Fiskere på Santa Monica pier
handtrykk.jpg (158047 byte) Berømte fotavtrykk og håndtrykk.
stallone.jpg (122516 byte) Rambo var også der. I likhet med polis og tollarar hadde han våpenet klart. 
Rambo likte at eg fotograferte han, i motsetning til ein tollar på flyplassen. Tollaren blei svært sint. 
hollywood speil.jpg (174298 byte) Hollywood i et kuppel-speil, - med et fint portrett av nesa mi og kameraet.
UniStudios inngang.jpg (149503 byte) Vi kjørte etter anvisning av satelitt-navigatoren, og parkerte i et parkeringshus. Derfra gjekk vi først gjennom Universal Citywalk. Der er det gratis, og fint å spasere. Så kom vi til inngangen til Universal Studios. Vi fekk rabattkuponger, og betalte 37 dollar pr billett.
(kart)
shrek.jpg (34927 byte) Shrek 4D var ein morsom opplevelse. Overraskende effekter og mange sanser blei aktivert.
LA bombetrussel2.jpg (123502 byte) Vi såg ingen sykkel-politi på beach'en. Men her på flyplassen såg vi ein - sammen med mange ulike politier og brannmenn  
   

   

 Sist endra: 08.08.2005

 © Harald Storaker

E-post:    hasto @ online.no