Planlegginga

English text


Eg begynte å surfe på internett - å undersøke reisemål, reiseskildringar og reiste mye i fantasien.
Når vi først skulle reise jorda rundt, kunne vi gjøre fleire stopp underveis: - Thailand, Singapore, Australia, New Zealand, Fiji, Hawai, California, Minnesota, Chicago, Florida, New York, Boston?
Eg ville også gjerne ha varierte opplevelsar: - slektbesøk, vennebesøk, hotell-opphold, "landsby-opphold", naturopplevelsar severdighetar, avslapping, leiebil, drosje, buss, tog - og fly.
Grovskissen blei slik: - slektsbesøk på New Zealand, badeferie på Fiji, og sightseeing og vennebesøk i USA.

Vi kjøpte Lonely Planet guide for Fiji og New Zealand, og ei kart og faktabok for New York

Sider på internett:
Familien Sandell fra Kristiansand Dei hadde reist i 96 dagar, bl. a. Fiji, og har ei heimeside med mange gode tips.
Fiji turistkontor
Sydhav på nettet ved Terje Dahl
Fiji guide ved Rob Kay, Sun Air.

Berit begynte også å planlegge. Ho meldte oss inn i foreninga My Planet Norge, Australia New Zealand Friendship Society. Det kostar 125 kr, og du får et kvartalsmagasin med mange nyttige reisetips og reisetilbud.
Ho sjekka opp kva vi ville trenge av vaksinasjonar, og fekk det bestilt. Tre av oss måtte ha ny stivkrampevaksinasjon for Fiji.
Ho skreiv også til ulike reisebyrå og fekk pristilbud.

 

   

   

 Sist endra: 08.08.2005

 © Harald Storaker

E-post:    hasto @ online.no