Åge
Christophersen Holck |
Foreldre Christopher Zachariassen Holck og Anne Aagesdatter (Lyngvær) |
Johannes
Irgens Giert Davidsen Adeluz Ågesdotter Åge Hansson Synnøve Audunsdtr Gjert Gjertson Mumme Åge Kristofferson Holch Kristoffer Zackariasson Holch Anne Ågesdtr. |
Då
eg kom over ein inskripsjon på ei sølvskei i skiftet etter
Surnadalspresten Johannes Irgens i 1760 (Sjå Geistlig skifte s. 165 b)
var eg ikkje særleg i tvil kven det var snakk om. Inskripsjonen var om
lag slik: Giert Davidsen & Adeluz Ågesdotter. Både Gjert og David er
svært så sjeldne namn på Møre på den tida, og kombinasjonen Gjert
Davidson trur eg ganske sikkert er eineståande. At denne mannen var
identisk med sagbrukseigar på Kleive i Romsdal, ved same namn tvila eg
ikkje det minste på, og gjer det framleis ikkje. Når det så gjeld
Adeluz Ågesdtr. så var eg heller ikkje særleg i tvil om at ho var
dotter til Åge Hansson og Synnøve Audunsdtr. på Lyngvær. Dette fekk
nemleg alle brikkane til å falla på plass som eg tidlegare ikkje heilt
hadde fått til. Eg hadde lenge vore obs på at det var ei slekt Mumme,
Momme, Mom, Mun m.m. som heldt til i Romsdalen, men kvar ho heldt til, og
korleis Hemnepresten, Gjert Mumme eventuelt nedstamma frå denne slekta
grubla eg mykje på. I skiftet etter Gjert Gjertson i Hemne møtte Åge
Kristofferson Holch frå Kristiansund og er nemnt som nær pårørande til
den avdøde. Korleis dette hang saman hadde eg også grunda mykje på. No
vart jo løysinga på dette problemet opplagt. I og med at Åge
Kristofferson Holch var son til Kristoffer Zackariasson Holch og kone Anne
Ågesdtr. (Lyngvær, Molde, Reknes), så vart jo Gjert Mumme i Hemne søskenbarnet
til Åge Holch i Kristiansund.
Kilde: Finn Oldervik |