Anniken

Eliasdatter

Sahling

Født ca. 1679
Foreldre Elias Olson Sahling og Anne Hansdatter Glærum

 

Ole Sahling
Annichen Bengtsdtr.
Bengt
Elias Olson Sahling
Barbra
Margrethe
Anne Hansdatter Glærum
Hans Ågeson Glærum
Audun Ågeson på Reknes
Anikken
Kristi
Margrethe
Karen
Margrethe Hansdtr.
Anne
Jon Jonson Hommelstad
Hans
Sophie Borch
Elias
Ales
Margrethe
Johanna Sophie
Ole
Elias
Knut Hansson
Sahlingfamilien held til på Surnadalsøra. Den første vi veit om frå slekta er ein Ole som var g.m. Annichen Bengtsdtr. Etter henne vart det halde skifte i 1678. Ole og Annichen hadde 4 born; Bengt, Elias, Barbra og Margrethe. Ein får inntrykk av at familien var komen frå Sverige. Av Eigedelene i buet går det fram at Ole Sahling hadde vore glasmeister. Den eine av sønene, Elias Olson Sahling (f, ca 1646) vart gift med Anne Hansdtr. Glærum (Hans Ågeson Glærum, far til Anne var bror til Audun Ågeson på Reknes. Elias og Anne hadde 4 born; Anikken f. 1679, Kristi f. 1680, Margrethe f. 1684 og Karen f. 1687. Den første kona til Elias døydde i 1693 og Elias vart gift på nytt med Margrethe Hansdtr. av ukjend opphav? I dette ekteskapet vart det også 4 born; 1. Anne f. 1695, g.m. sersjant Jon Jonson Hommelstad, 2. Hans f. 1697, g.m. Sophie Borch. Hans vart etter kvart busett i Lillefosen (Kristiansund)og hadde borna Elias, Ales, Margrethe og Johanna Sophie. 3. Ole f. 1699 d. ung. 4. Elias f. ca 1701. Døydde ugift i Kristiansund i 1735.

Det var altså son til nr. 2 av desse som Knut Hansson var formyndar for. Korleis slektsskapen var har eg diverre ingen teori om til no.

Dei fleste av desse opplysningane er henta frå B I og III av Hyldbakks Gards- og ættesoge for Surnadal.

Kilde: Webdebatt 34141: Sakling-familien, Nordmøre - innlegg 2 Finn Oldervik