Ole
(Eliasson?) Sahling |
Gift med Annichen
Bengtsdatter Død før 1660 |
Ole Sahling Annichen Bengtsdtr. Bengt Elias Olson Sahling Barbra Margrethe Anne Hansdtr. Glærum Hans Ågeson Glærum Audun Ågeson på Reknes Anikken Kristi Margrethe Karen Margrethe Hansdtr. Anne Jon Jonson Hommelstad Hans Sophie Borch Elias Ales Margrethe Johanna Sophie Ole Elias Knut Hansson |
Sahlingfamilien held til på Surnadalsøra. Den første vi veit om frå slekta
er ein Ole som var g.m. Annichen Bengtsdtr. Etter henne vart det halde skifte i
1678. Ole og Annichen hadde 4 born; Bengt, Elias, Barbra og Margrethe. Ein får
inntrykk av at familien var komen frå Sverige. Av Eigedelene i buet går det
fram at Ole Sahling hadde vore glasmeister. Den eine av sønene, Elias Olson
Sahling (f, ca 1646) vart gift med Anne Hansdtr. Glærum (Hans Ågeson Glærum,
far til Anne var bror til Audun Ågeson på Reknes. Elias og Anne hadde 4 born;
Anikken f. 1679, Kristi f. 1680, Margrethe f. 1684 og Karen f. 1687. Den første
kona til Elias døydde i 1693 og Elias vart gift på nytt med Margrethe Hansdtr.
av ukjend opphav? I dette ekteskapet vart det også 4 born; 1. Anne f. 1695, g.m.
sersjant Jon Jonson Hommelstad, 2. Hans f. 1697, g.m. Sophie Borch. Hans vart
etter kvart busett i Lillefosen (Kristiansund)og hadde borna Elias, Ales,
Margrethe og Johanna Sophie. 3. Ole f. 1699 d. ung. 4. Elias f. ca 1701. Døydde
ugift i Kristiansund i 1735.
Det var altså son til nr. 2 av desse som Knut Hansson var formyndar for. Korleis slektsskapen var har eg diverre ingen teori om til no. Dei fleste av desse opplysningane er henta frå B I og III av Hyldbakks Gards- og ættesoge for Surnadal. Kilde: Webdebatt 34141: Sakling-familien, Nordmøre - innlegg 2 Finn Oldervik |
Olle
Suendsche Glasmager Hans Eliassen |
Den første opplysningen vi finner i
lensregnskapene om denne familien er i 1655 da 'Olle Suendsche
Glasmager' dukker opp i skattelistene som strandsitter på garden Skralthaugs grunn
ute på Surnadalsøra. På denne tida kom det en mengde folk fra Jemtland til Trøndelag/Nordmøre,
kanskje slike som var falt i unåde hos de nye makthavere, svenskene. .... ..
Ole Glasmaker døde før 1660. Skattemanntallet det året nemner Ole Glasmagers
enke mellom strandsitterne. Men ennå heter berget ovafor huset deres,
Svenskberga. Etterkommerne deres satt lengre på plassen, men sønnesønnen Hans
Eliassen bar det til Raudsand i Nesset med. Andre slo seg ned i Lille-Fosen og
dreiv med handel og frakting. De brukte alle Sahling-namnet, så glasmakerens
fulle namn har sannsynligvis vært Oluf Eliasson Sahling
Kilde: Webdebatt 34141: Sakling-familien, Nordmøre - innlegg 4 Endre Holten |