Startside

Serk på Austrått

Arne Gudbrandson
Sigurd Gudbrandson
Gjertrud
Andres Plytt
Ragnvald Urka
Peter Andresson
Une Petersson
Sigurd lagmann
Serk på Austrått
Håkon Magnusson
Ottar lagmann
Sigurd Jodgeirsson (Lande)
Isabelle
Erling Vidkunnsson
Gyrid Andresdtr.i Åkvik
Arne Eindrideson
Eindride Arneson
Peter i Edøy 

 

Aktuelle kjelder:

Magnus Mardal: "Den eldste Aspa-ætta" i NST
XXXII s. 53 ff

Noregs Kongesoger B4 s. 317-319, 323, 328, 332, 338, 341 og 361

'Sogneprest A. E. Heden: Biskop-ætten og Manvikgodset' NST XIV  s. 106ff i

 

Eg vil rette ein stor takk til dei som står bak Dokumentasjonsprosjektet
og at eg har fått løyve til å bruke av deira materiale mot å vise til kjelda.
Så vidt eg veit var det Magnus Mardal som først tok opp drøftinga om det eg her vil kalla ”Den eldste Aspa-ætta”. Han tek utgangspunkt i eit diplom frå 1319 som fortel om ein arvetvist om garden Aspa på Nordmøre. Det vart inngått forlik mellom dei to brørne, Arne og Sigurd Gudbrandsøner om garden (Sjå DN XXI nr. 21 og NST XXXII s. 53 ff.). I dette brevet får vi m.a. veta at det opphavleg var mormor til dei to brørne, Gjertrud, som åtte Aspa. Denne Gjertrud meinar så Mardal å identifisera som dotter til baron Andres Plytt som ein trur hadde Edøya (Smøla kommune på Nordmøre) som hovudsætet sitt. Andres Plytt er nemnd mange gonger som ein av kong Håkon Håkonson sine fremste menn (Sjå m.a. Noregs Kongesoger B4 s. 317-319, 323, 328, 332, 338, 341 og 361 samt DN IV nr. 64 og DN XVII nr880 m.m.). Andres Plytt var også med kong Håkon på hærtokt til Skotland og det er kanskje han det vert sikta til i Ravnsmål når det vert kveda at:

”Nordmøringsstyrarens gjeve hovdingar, eggja krigsfuse motmenn til hærstriden” osv.

Etter det ein kan sjå, så var også Andres Plytt kongens fehirde på denne ferda. Han døydde litt etter 1280. I Noregs kongesoger (Oslo 1979) vert han kalla for Andres Plytt Pålson, medan Magnus Mardal brukar namnet Andres Petterson Plytt etter P.A. Munch, op. cit., s. 403 note 2.

I følgje Noregs kongesoger var Andres Plytt gift med ei dotter til Ragnvald Urka som også var ein av kong Håkons fremste menn.

Magnus Mardal har kome fram til at Andres Plytt hadde følgjande tre born:

A. Peter Andresson (Edøy) (ca 1260 – 1324 (1329) nemnd første gongen i år 1300 i DN I nr. 92. Her vert han nemnd som den siste av fleire stormenn. I 1309 vert han nemnd som ein av kongen sine fremste leiarar i Trøndelag, saman med herr Une Petersson, herr Sigurd lagmann og herr Serk på Austrått (DN I nr. 121). I 1311 vert han, etter instruks frå kong Håkon Magnusson og saman med Sigurd lagmann og Ottar lagmann, utnemnd til å døma i ein strid mellom kannikane ved Kristkyrkja i Nidaros på den eine sida og herr Serk og andre Austrått-menn på den andre om retten til å kasta [etter fisk] fra Vilungæ nese i Hassel(vika) (DN I nr. 127). I 1314 gjev Peter Andresson ymse gardar på Nordmøre til dotter si Isabelle, i medgift då ho giftar seg med Sigurd Jodgeirsson (Lande) (DN II nr. 120) (Sigurd Jodgeirson Lande var m.a. ombudsmann for Erling Vidkunnsson). I eit domsbrev datert Bergen i 1324 vert Peter Andresson nemnd som den første blant dei verdslege stormennene. Dette er vel siste gongen Peter Andresson er nemnd i live. (DN III nr. 64).

B. Gyrid Andresdtr.i Åkvik (Halsa eller Aure på Nordmøre). Gyrid kjøper seg provent hos korsbrørne i Nidaros og seinare gravstad i Nidaros Domkyrkje (1303). I samband med dette gjev ho bort ymse gardar på Normøre. m.a. noko i Gaupset (DN II nr. 68 og nr. 70). Det er og nemnd at sønene hennar har rett til å løysa inn gradane innan 5 år. Seinare høyre vi at ein Arne Eindrideson gjev bort like mykje i ein av gardane som det Gyrid har att av garden (Gaupset). Mardal tolkar dette slik at Arne må vera ein av sønene til Gyrid, noko som verkar logisk. Dette skulle då bety at mannen til Gyrid heitte Eindride. Mardal meiner at dette kan vera Eindride Arneson nemnd 1281 – 1296.

C. Gjertrud Andresdtr. i Aspa (?). Ho er vel berre kjend frå det tidlegare nemnde brevet om forliket om Aspagarden (DN XXI nr. 21. frå 1319).

Som ein start får vel dette vera nok. Eg har med vilje latt vera å ta med fleire born til Peter Andresson enn Isabella. Til så lenge får dei tre døtrene eg nemner i debatten om Rike-Torstein berre vera døtrene til Peter i Edøy (Eg har sett andre tolkingar av Edøy enn Edøy for å seia det slik). Det første ein må ta stilling til er vel om det som her er sett opp kan vera rett. Er det noko som talar i mot at samanhengen er slik, eller har Mardal kome fram til ei framstilling som held mål? Elles er sjølvsagt alle synspunkt velkomne, uansett innfallsvinkel.

Finn Oldervik, Aure på Nordmøre,  03:20 (1)

kong Håkon [Magnusson]
Peter Andressön
Sæbjørn Helgesson
Une Peterssön
Sigurd Lagmand
herr Serk på Austrått
Regesta Norvegica 1309 april 12  b. 3 s. 182 Nr. 572 Bergen

Regest:
Påbud fra kong Håkon [Magnusson] til alle i Trøndelag: Viser til tidligere brev (nr 571 ). Kongen vil nå bare ha 5 skip med 50 mann på hvert med østover, de håndgange og almuesmenn som herr Peter Andresson og herr Sæbjørn Helgesson bestemmer. Disse skal snarest følge etter kongen. De øvrige skal bli igjen og forsvare Trøndelag, og så snart det blir farbart rykke inn i Jämtland og gjenerobre landsdelen, slik herr Peter Andresson, herr Une Petersson, herr Sigurd lagmann og herr Serk på Austrått og de øvrige ledere kongen har oppnevnt bestemmer.

Kilde: Dokumentasjonsprosjektet

Peter Andressön
Audun Thorbergssön
Loden paa Bakke
Sigurd Jonssön
Kong Haakon
Sæbjörn Helgasön
Une Peterssön
Sigurd Lagmand
Serker paa Austraat.
Diplomatarium Norvegica 5 April 1309 b. I s. 108 Nr. 121

Sammendrag: Peter Andressön, Ridder, Audun Thorbergssön, Loden paa Bakke og Sigurd Jonssön meddele Almuen i Naumdalens övre Halvdel Afskrift af Kong Haakons Brev til Thrönderne angaaende Svenskernes Angreb paa Jæmteland og om Udbud til Landets Værn paa den Kant, som Kongen har betroet Hr. Peter Andressön, Hr. Sæbjörn Helgasön, Hr. Une Peterssön, Hr. Sigurd Lagmand og Hr. Serker paa Austraat. (jfr. No. 119.)

Kilde: Dokumentasjonsprosjektet