Startside

Sigurd lagmann

Arne Gudbrandson
Sigurd Gudbrandson
Gjertrud
Andres Plytt
Ragnvald Urka
Peter Andresson
Une Petersson
Sigurd lagmann
Serk på Austrått
Håkon Magnusson
Ottar lagmann
Sigurd Jodgeirsson (Lande)
Isabelle
Erling Vidkunnsson
Gyrid Andresdtr.i Åkvik
Arne Eindrideson
Eindride Arneson
Peter i Edøy 

 

Aktuelle kjelder:

Magnus Mardal: "Den eldste Aspa-ætta" i NST
XXXII s. 53 ff

Noregs Kongesoger B4 s. 317-319, 323, 328, 332, 338, 341 og 361

'Sogneprest A. E. Heden: Biskop-ætten og Manvikgodset' NST XIV  s. 106ff i

 

Eg vil rette ein stor takk til dei som står bak Dokumentasjonsprosjektet
og at eg har fått løyve til å bruke av deira materiale mot å vise til kjelda.
Så vidt eg veit var det Magnus Mardal som først tok opp drøftinga om det eg her vil kalla ”Den eldste Aspa-ætta”. Han tek utgangspunkt i eit diplom frå 1319 som fortel om ein arvetvist om garden Aspa på Nordmøre. Det vart inngått forlik mellom dei to brørne, Arne og Sigurd Gudbrandsøner om garden (Sjå DN XXI nr. 21 og NST XXXII s. 53 ff.). I dette brevet får vi m.a. veta at det opphavleg var mormor til dei to brørne, Gjertrud, som åtte Aspa. Denne Gjertrud meinar så Mardal å identifisera som dotter til baron Andres Plytt som ein trur hadde Edøya (Smøla kommune på Nordmøre) som hovudsætet sitt. Andres Plytt er nemnd mange gonger som ein av kong Håkon Håkonson sine fremste menn (Sjå m.a. Noregs Kongesoger B4 s. 317-319, 323, 328, 332, 338, 341 og 361 samt DN IV nr. 64 og DN XVII nr880 m.m.). Andres Plytt var også med kong Håkon på hærtokt til Skotland og det er kanskje han det vert sikta til i Ravnsmål når det vert kveda at:

”Nordmøringsstyrarens gjeve hovdingar, eggja krigsfuse motmenn til hærstriden” osv.

Etter det ein kan sjå, så var også Andres Plytt kongens fehirde på denne ferda. Han døydde litt etter 1280. I Noregs kongesoger (Oslo 1979) vert han kalla for Andres Plytt Pålson, medan Magnus Mardal brukar namnet Andres Petterson Plytt etter P.A. Munch, op. cit., s. 403 note 2.

I følgje Noregs kongesoger var Andres Plytt gift med ei dotter til Ragnvald Urka som også var ein av kong Håkons fremste menn.

Magnus Mardal har kome fram til at Andres Plytt hadde følgjande tre born:

A. Peter Andresson (Edøy) (ca 1260 – 1324 (1329) nemnd første gongen i år 1300 i DN I nr. 92. Her vert han nemnd som den siste av fleire stormenn. I 1309 vert han nemnd som ein av kongen sine fremste leiarar i Trøndelag, saman med herr Une Petersson, herr Sigurd lagmann og herr Serk på Austrått (DN I nr. 121). I 1311 vert han, etter instruks frå kong Håkon Magnusson og saman med Sigurd lagmann og Ottar lagmann, utnemnd til å døma i ein strid mellom kannikane ved Kristkyrkja i Nidaros på den eine sida og herr Serk og andre Austrått-menn på den andre om retten til å kasta [etter fisk] fra Vilungæ nese i Hassel(vika) (DN I nr. 127). I 1314 gjev Peter Andresson ymse gardar på Nordmøre til dotter si Isabelle, i medgift då ho giftar seg med Sigurd Jodgeirsson (Lande) (DN II nr. 120) (Sigurd Jodgeirson Lande var m.a. ombudsmann for Erling Vidkunnsson). I eit domsbrev datert Bergen i 1324 vert Peter Andresson nemnd som den første blant dei verdslege stormennene. Dette er vel siste gongen Peter Andresson er nemnd i live. (DN III nr. 64).

B. Gyrid Andresdtr.i Åkvik (Halsa eller Aure på Nordmøre). Gyrid kjøper seg provent hos korsbrørne i Nidaros og seinare gravstad i Nidaros Domkyrkje (1303). I samband med dette gjev ho bort ymse gardar på Normøre. m.a. noko i Gaupset (DN II nr. 68 og nr. 70). Det er og nemnd at sønene hennar har rett til å løysa inn gradane innan 5 år. Seinare høyre vi at ein Arne Eindrideson gjev bort like mykje i ein av gardane som det Gyrid har att av garden (Gaupset). Mardal tolkar dette slik at Arne må vera ein av sønene til Gyrid, noko som verkar logisk. Dette skulle då bety at mannen til Gyrid heitte Eindride. Mardal meiner at dette kan vera Eindride Arneson nemnd 1281 – 1296.

C. Gjertrud Andresdtr. i Aspa (?). Ho er vel berre kjend frå det tidlegare nemnde brevet om forliket om Aspagarden (DN XXI nr. 21. frå 1319).

Som ein start får vel dette vera nok. Eg har med vilje latt vera å ta med fleire born til Peter Andresson enn Isabella. Til så lenge får dei tre døtrene eg nemner i debatten om Rike-Torstein berre vera døtrene til Peter i Edøy (Eg har sett andre tolkingar av Edøy enn Edøy for å seia det slik). Det første ein må ta stilling til er vel om det som her er sett opp kan vera rett. Er det noko som talar i mot at samanhengen er slik, eller har Mardal kome fram til ei framstilling som held mål? Elles er sjølvsagt alle synspunkt velkomne, uansett innfallsvinkel.

Finn Oldervik, Aure på Nordmøre,  03:20 (1)

Narve, biskop av Bergen
Bjarne Erlingsson
Ingeborg, dronning av Norge
Eirik, abbed
Eirik Duggalsson
kong E[irik Magnussons]
Sira Erlend
Gudleik [Viljalmsson]
Lodin [Lepp] merkesmann
Sigurd lagmann
Håkon Ragnvaldsson
Vidkunn [Erlingsson]
herr Nikolas
Ivar Gudlaugsson
Regesta Norvegica 1285 [før juni 24] b. 2 s. 156  Nr. 387 [Bergen]

Regest:
Instruks for Narve, biskop av Bergen, og herr Bjarne Erlingsson, utf som kunngjering frå Ingeborg, dronning av Norge, Eirik, abbed ved Munkeliv kloster i Bergen og herr Eirik Duggalsson: Har på kong E[irik Magnussons] vegner fullmakt til å reise til Sverige og der slutte forlik mest mogeleg i samsvar med eit medsendt utkast (nr 386 ), Dei skal avtale møte med den svenske kongen jonsokdag. Vidare har dei fullmakt til å slutte forlik med den danske kongen i tvistemåla mellom Norge og Danmark. Dei skal love den danske kongen øya Orust og i nødsfall også Tjörn, og avtale møte med han seinast 10. juli på Gullbergshed. Dei skal ikkje binde den norske kongen til større skuld enn 6000 mark, og derifrå skal trekkast vederlag for den skade nordmennene har lidd av danskane. Øyane skal pantsettast til den danske kongen, men han skal ikkje besette dei før dei avtalte betalingsterminane er overskridne; 1000 mark skal betalast kvart år anten i Tønsberg eller Konghelle. Dersom tyske menn samtidig kjem til danskekongen, skal nordmennene gi dei leidebrev til den norske kongen. Dei norske sendeboda skal prøve å få den danske kongen med på at verken han eller Norges konge på eiga hand sluttar forlik med tyskarane så lenge desse er i strid med den eine av partane.

Besegla av utf, kongen og desse menn av kongens fortrulege råd (af hans heimilego raðe) som var til stades og samtykte i sendeferda: Sira Erlend, prost ved Apostelkyrkja, herr Gudleik [Viljalmsson], herr Lodin [Lepp] merkesmann, herr Sigurd lagmann, herr Håkon Ragnvaldsson, herr Vidkunn [Erlingsson], herr Nikolas, herr Ivar Gudlaugsson.

Kilde: Dokumentasjonsprosjektet

Sigurd lagmann
Odd på Rogne
Hollrod på Ringheim
Einar Pinning
Regesta Norvegica 1292 mars 2 - 8 b. 2 s. 244f  Nr. 666 Bergen

Regest:
Domsbrev frå Sigurd lagmann: Brørne Odd på Rogne og Hollrod på Ringheim hadde saman med Einar Pinning oppsøkt lagmannen på Aga for å få avgjort odelssøksmålet om garden Byrkjo. Dei to brørne blir tildømt garden, som Einar derfor må late frå seg (jfr nr 667 ).

Kilde: Dokumentasjonsprosjektet

Sigurd lagmann
Torolv på Jåstad
Peter på Spåneim
Jon prest
Gunnar
Eirik
Ljot
Skopte
sira Nikolas prest
Ivar på Bleie
Gaute
Tormod
Åskjell Hallridsson
Ivar Slede
Hallad Skjeggeson.
Sigurd Skjeggeson
Sigurd Sveinsson
Kjetil på Lussand
Åskjell
Åsolv
Andres på Måkastad
Kolbein på Lutro
Brynjolv på Lekve
Aslak på Sekse
Torstein Skarv
Olve Trondsson
Torstein Steinsson
Orm på Velure
Regesta Norvegica 1293 mai 26 b. 2 s. 264 Nr. 725 Aga

Regest:
Kunngjering frå Sigurd lagmann, Torolv på Jåstad, Peter på Spåneim og Jon prest om vitnemål og forlik mellom på den eine sida brørne Gunnar og Eirik i Lyse og deira leiglendingar Ljot og Skopte som åtte Ytre-Bleie, og på den andre sida sira Nikolas prest, Ivar på Bleie, Gaute og Tormod og alle som åtte odel i garden Indre-Bleie: Tvistemåla galdt grinde- og gjerdeplikt, beitehald, fattiglegd og møllebruk, og desse personar bar fram vitnemål: Åskjell Hallridsson, Ivar Slede, Hallad og Sigurd Skjeggesøner.

Chirograf. Vitne: Sigurd Sveinsson, Kjetil på Lussand, Åskjell og Åsolv, sønene hans, Andres på Måkastad, Kolbein på Lutro, Brynjolv på Lekve, Aslak på Sekse, Torstein Skarv, Olve Trondsson, Torstein Steinsson, Orm på Velure og mange andre gode menn. Besegla av utf.

 

Diplomatarium Norvegicum 26 Mai 1293 b. IV s. 9  Nr. 6   Aga

Sammendrag: Sigurd i Aga, Gulathings-Lagmand, og tre andre Mænd kundgjöre et Forlig mellem Bönderne paa Indre- og Ytre-Bleidin i Hardanger angaaende fælles Gjærder, Havnegang, Veie, Fattiglægd o. s. v.

Kilde: Dokumentasjonsprosjektet

hertug Håkon Magnusson
biskop Erlend av Færøyane
herr Sigurd, lagmann på Shetland
Bård Petersson
Regesta Norvegica [1298 juni 28] b. 2  s. 332  Nr. [933] [Oslo]

Regest:
Følgjeskriv til nr 934 frå hertug Håkon Magnusson til folket på Færøyane: Etter oppmoding frå biskop Erlend av Færøyane og herr Sigurd, lagmann på Shetland, har hertugen saman med sine beste menn gjort ny skipan om landsleigebolken. Førebels kan han ikkje gjere endringar i kristendomsbolken; den må derfor inntil vidare vere slik som hertugens far bestemte, og slik lovboka vitnar.

Bård Petersson skreiv brevet.

Kilde: Dokumentasjonsprosjektet

Arne i Grasgården
Jon notar
Peter på Finne
Orm Kavle
Garde på Vinje
Styrkår
Einar Pinnung
Odd på Rogne
Hollrod på Ringheim
Sigurd lagmann
Bjarne klokker
Erlend Gjomann
Svein Matsson
sira Peter
Margreta, Askatins kone
Sigurd Snjalle
Sigurd Skjalg
Askjell Sakesvein
Torbjørn på Kvåle
Halldor
Odd Kægda
Regesta Norvegica [1302 høst eller før?) b. 3 s. 45f   Nr. 64 Vossevangen

Regest:Vitnebrev fra Arne i Grasgården, Jon notar, Peter på Finne og Orm Kavle: Var til stede da Garde på Vinje og Styrkår vitnet under ed at de var til stede i Aga da Einar Pinnung, Odd på Rogne og Hollrod på Ringheim tok hverandre i hendene, og herr Sigurd lagmann avgjorde at Odd og Hollrod skulle ha 11 månedsmatsbol i Byrkjo og at Einar skulle ta imot betalingen som var budt ham og som lå i kirken på Vangen. Videre vitnet Bjarne klokker, Erlend Gjomann og Svein Matsson for Hollrod, hans svoger Andres [Pålsson] og Halle på Rogne, at de var til stede i prestestuen på Vangen da sira Peter, på vegne av Margreta, Askatins kone, solgte Einar Pinnung 12 månedsmatsbol i Tøn og Einar ga sira Peter betalingen for Byrkjo, som Hallesønnene hadde lagt i Vangskirken. For Einar vitnet Sigurd Snjalle, Sigurd Skjalg, Askjell Sakesvein og Torbjørn på Kvåle at de var til stede på Vangen i Halldors stue da Hallesønnene betalte Einar 12 månedsmatsbol i Tøn for 11 i Byrkjo, slik at Einar skulle eie dette like trygt som Byrkjo, som han eide. De føyde også til at sira Peter garanterte at Einar skulle ha dette trygt for Odd Kægda, som gjorde krav på 4 månedsmatsbol i Tøn. Lagmannen og andre gode menn må her avgjøre hvilket vitnemål som synes mest lovlig.

Kilde: Dokumentasjonsprosjektet

Diplomatarium Norvegicum [ved 1303?] b. I s. 90 Nr. 100 [Bergen]

Sammendrag: Vidnesbyrd om at Einar Pinning, Odd paa Rogn og Holrod paa Ringheim enedes hos Sigurd Lagmand paa Aga om, at de to Sidstnævnte skulde have Birkjar, men Einar de Penge, som hine för havde budt ham for denne Gaard, og som laa i Vangens Kirke. Ligesaa vidnes, at Sira Peter paa Vangen solgte Einar Pinning Gaarden Tön for disse Penge, m. v. (jfr. No. 97-98 - 99.)

Kilde: Dokumentasjonsprosjektet

Peter Andressön
Audun Thorbergssön
Loden paa Bakke
Sigurd Jonssön
Kong Haakon
Sæbjörn Helgasön
Une Peterssön
Sigurd Lagmand
Serker paa Austraat.
Diplomatarium Norvegica 5 April 1309 b. I s. 108 Nr. 121

Sammendrag: Peter Andressön, Ridder, Audun Thorbergssön, Loden paa Bakke og Sigurd Jonssön meddele Almuen i Naumdalens övre Halvdel Afskrift af Kong Haakons Brev til Thrönderne angaaende Svenskernes Angreb paa Jæmteland og om Udbud til Landets Værn paa den Kant, som Kongen har betroet Hr. Peter Andressön, Hr. Sæbjörn Helgasön, Hr. Une Peterssön, Hr. Sigurd Lagmand og Hr. Serker paa Austraat. (jfr. No. 119.)

Kilde: Dokumentasjonsprosjektet

kong Håkon [Magnusson]
Peter Andressön
Sæbjørn Helgesson
Une Peterssön
Sigurd lagmann
herr Serk på Austrått
Regesta Norvegica 1309 april 12  b. 3 s. 182 Nr. 572 Bergen

Regest:
Påbud fra kong Håkon [Magnusson] til alle i Trøndelag: Viser til tidligere brev (nr 571 ). Kongen vil nå bare ha 5 skip med 50 mann på hvert med østover, de håndgange og almuesmenn som herr Peter Andresson og herr Sæbjørn Helgesson bestemmer. Disse skal snarest følge etter kongen. De øvrige skal bli igjen og forsvare Trøndelag, og så snart det blir farbart rykke inn i Jämtland og gjenerobre landsdelen, slik herr Peter Andresson, herr Une Petersson, herr Sigurd lagmann og herr Serk på Austrått og de øvrige ledere kongen har oppnevnt bestemmer.

Kilde: Dokumentasjonsprosjektet